Start

Bibliografi

Romanar og
andre tekstar

Lyrikk

Dramatikk

Barnebøker

Uroppføringar

Artiklar
av Jon Fosse

Tekstutdrag
Barnet
Gitarmannen
Melancholia I
Du å du
Dikt

Omsetjingar
Av Jon Fosses
verk

Jon Fosse som
omsetjar


Anna

[  ]

Om Jon Fosse

Send E-post


















































[ Kulturby Bergen ]
Tekstutdrag frå
Barnet

hr
s. 62

FREDRIK
Det er jo snilt av henne
å kjøpe blomar til deg

AGNES
Ja
Kort pause
Men dei er no til oss

FREDRIK
Ikkje noko å bli trist for
det vel

AGNES
Nei
Men eg blir no trist likevel
Dunaújvárosi Kamarszínház, i Dunaújváros, Ungarn 1997
Dunaújvárosi Kamarszínház,
i Dunaújváros, Ungarn, 1997
Fredrik nikkar. Evelyn kjem inn kjøkkendøra, ho ber på to
tomme vinflasker


s. 119

LEGEN
Ja no er de nok trøytte
begge to
De får prøve å få sove litt

SJUKESØSTERA
mot legen
Eg har sagt at vi kan kjøre inn ei seng til han
Nikkar mot Fredrik

LEGEN
Fint
Kort pause
Og no er prøvene alt gått til laboratoriet
Straks dei kjem tilbake
veit vi meir

Turun Kaupungin Teatteri i Åbo, Finland, 1998
Turun Kaupungin Teatteri i Åbo, Finland, 1998
SJUKESØSTERA
oppmuntrande, ser mot legen
det kan gå bra
det her

LEGEN
Ja ja
Kort pause. Han ser mot Fredrik og Agnes
Men strengt tatt
er vel ikkje utsiktene dei beste
Kort pause
Ja de vil vel gjerne få vere litt i fred
Teater Giljotin i Stockholm, Sverige, 1997
Teater Giljotin i Stockholm, Sverige, 1997
Legen går mot døra, går ut, sjukesøstera følgjer etter han


s. 142

AGNES
Når du kjem heim må du pakke ned barnetøyet
og så

FREDRIK
Ja

AGNES
Og strikketøyet
Du kan pakke det ned i ei øskje
Fredrik nikkar
og så må du
setje det opp på loftet eller noko

FREDRIK
Ja
Kort pause

AGNES
Og så må du ringe til mor
Kort pause
Nationaltheatret i Oslo, Norge, 1996
Nationaltheatret i Oslo, Norge, 1996
"Barnet" har også vore oppført på "The Gate Theatre", London, 1998 og er spelt inn som fjernsynsteater i Polen


© Bergen Off. Bibliotek
Sist oppdatert 03. februar 2000 av Elin Huseby og Henrik Kiiehn Nielsen