| Start |
| Bibliografi |
| Romanar og andre tekstar |
| Lyrikk |
| Dramatikk |
| Barnebøker |
| Uroppføringar |
| Artiklar av Jon Fosse |
| Tekstutdrag |
| Omsetjingar |
verk |
omsetjar |
| Anna |
| Om Jon Fosse |
![]() |
![]() |
|
Tekstutdrag frå Melancholia I
|
| Eg prøver å få hendene mine laus, men han grip fast rundt handledda mine, han knepper til rundt handledda mine, han held meg fast og eg står attmed han og han knepper fast rundt handledda mine og eg står attmed han og vi er jo på Malkasten, det er vel mange folk på Malkasten og eg står attmed eit rundt bord, nær døra og det er folk rundt oss, ved nesten alle borda sit folk og ser mot meg, overalt er det auge som ser rundt meg og svarte og kvite klede kjem mot meg, i ein fæl fart kjem svarte og kvite klede mot meg, no kjem kleda ja, og dei svarte og kvite kleda bevegar seg rundt meg, heilt nær meg, så bevegar dei seg brått, i stor fart, bort ifrå meg, frå alle auga som ser og ser mot meg kjem det svarte og kvite klede, for alle sit og ser mot meg, dei stirer mot meg, for ved alle borda sit det folk, på bord framfor oss og bak oss sit folk og dei stirer mot oss og no kjem dei alle, i klede som er svarte og kvite, mot meg og kleda legg seg rundt kroppen min, for no kjem dei mot oss, kleda bevegar seg mot meg, kleda bevegar seg inntil meg, kleda bevegar seg mot meg, no kjem kleda mot meg. Det sit folk og ser mot meg og frå auga deira kjem svarte og kvite klede mot meg og kleda legg seg over hovudet mitt, no legg kleda seg over hovudet mitt og eg kan ikkje sjå nokon ting og eg kan ikkje puste og eg har hendene mine nedi jakkelomma til han som sat attmed meg, han som heiter Alfred og som ikkje kan male og eg kjenner at pipa mi er nedi lomma hans, men eg kan ikkje stå og halde hendene mine nedi jakkelomma hans, det går ikkje an å stå med hendene mine nedi jakkelomma hans, men han held hendene mine fast og dei svarte og kvite kleda heng over hovudet mitt, kleda dekker til munnen min, kleda er over hovudet mitt, kleda kjem mot meg og eg kan ikkje puste, berre heilt kort, når dei svarte og kvite kleda slepper litt, kleda kjem frå folka som sit ved alle borda og ser på meg, frå auga deira, for frå alle borda rundt omkring meg, frå alle folka, frå auga deira, kjem desse rørslene, som bevegar seg i lufta, som vil ta meg og dei tar meg og dei legg seg rundt meg og dei vil ta meg, det er det som skjer, for eg er jo på Malkasten og ved alle borda sit det folk og auga deira ser mot meg og auga deira vil ta meg og eg har hendene mine nede i jakkelomma til han som sat attmed meg og eg held rundt pipa mi, for pipa mi er i lomma hans og eg er sterk og eg prøver å få laus hendene mine, men han grip berre hardare rundt handledda mine, men eg er sterk ja så viss eg vil kan eg bruke styrke, men då kan vel pipa bli øydelagd. Eg må sjå mot han. Eg ser mot han. | |||
|