Start

Bibliografi

Romanar og
andre tekstar

Lyrikk

Dramatikk

Barnebøker

Uroppføringar

Artiklar
av Jon Fosse

Tekstutdrag
Barnet
Gitarmannen
Melancholia I
Du å du
Dikt

Omsetjingar
Av Jon Fosses
verk

Jon Fosse som
omsetjar


Anna

[  ]

Om Jon Fosse

Send E-post


[ Kulturby Bergen ]
Tekstutdrag frå
Du å du
Hundemanuskripta 2.

hr
Men kva, tenkte Olav, kva skulle dei vel seie til dei to fine byhundedamene om dei trefte dei? Ikkje visste han, og skogahunden Bård visste det nok ikkje han heller, for om dei trefte dei to fine byhundedamene kom nok ikkje Bård til å seie eitt ord, då kom han til å vere så brydd og flau at han knapt kom til å løfte på auga, tenkte Olav, så skulle då noko bli sagt, måtte han vel seie det sjølv, det var han sikker på, tenkte fjordahunden Olav og så høyrer han Bård bak seg seie lågt at der! der kjem dei jo! der framme! dei kjem gåande mot oss, dei to fine damene kjem gåande mot oss! høyrer han skogahunden Bård seie og fjordahunden Olav ser opp og han ser dei to fine byhundedamene komme gåande midt imot dei, side ved side, og dei to fine byhundedamene smiler til kvarandre og snakkar og ler og dei kastar halane sine yndig frå side til side og fjordahunden Olav tenkjer at du å du så fine dei er, desse byhundedamene! [ Du å du ]









© Bergen Off. Bibliotek
Sist oppdatert 03. februar 2000 av Elin Huseby og Henrik Kiiehn Nielsen