Start

Bibliografi

Romanar og
andre tekstar

Lyrikk

Dramatikk

Barnebøker

Uroppføringar

Artiklar
av Jon Fosse

Tekstutdrag
Barnet
Gitarmannen
Melancholia I
Du å du
Dikt

Omsetjingar
Av Jon Fosses
verk

Jon Fosse som
omsetjar


Anna

[  ]

Om Jon Fosse

Send E-post

[ Kulturby Bergen ]
Gitarmannen
Fulltekst versjon
hr
Ein middelaldra mann kjem gåande langsamt og voggande
i ein stor gammal frakk. Han har bustete vått hår. På
hendene har han gråe fingervantar. Han ber på
ein sliten gitarkasse. Han stryk den frie handa over håret, ser seg
rundt

Uff ja
Og endeleg i hus
Ja i dag var det kaldt
Frykteleg kaldt
Han går litt att og fram på golvet
Men her var det varmt
Godt og varmt
Han stansar. Set gitarkassen mot golvet, støttar seg mot den.
Pause

Her var det godt og varmt
Han ser seg rundt
Men for meg er det vel
alltid det same
Berre det ikkje blir for kaldt
For det er ikkje
han ristar på hovudet
godt å fryse
Elles er det jo
ikkje lenger nokon skilnad
for meg
Alt går i det same
Dag ut og dag inn
står eg der i undergangen min
og spelar gitar
syng mine songar
dei same songar om og om igjen
Og folk dei går forbi meg
dagen lang går folk forbi meg
nokon går inn mot byen
andre går ut or byen
Heile dagen går folk forbi meg
Han slår ut med den ledige armen, bevegar den att og fram,
syner korleis folk dagen lang går forbi han

Mot meg
Forbi meg
Heile dagen går vel folk forbi meg
I undergangen min
går dei alle saman
Dei går forbi meg
Heile tida medan eg står der og spelar
kjem folk imot meg
går det folk bort ifrå meg
Kvar einaste dag går dei forbi meg
Og mange av dei same går forbi meg
kvar einaste dag
Og eg syng for dei kvar einaste dag
Og dei plar bøye hovuda sine ned
når dei går forbi meg
Det er som om dei skjemmest
over alltid å måtte gå forbi meg
og høyre meg synge
og no om vinteren må dei jo og sjå meg
stå der og fryse
og slå akkord etter akkord på gitaren min
og synge dei same songane
Dag etter dag ser dei meg stå der og synge
og kvar einaste dag syng eg dei same songane
medan dei
som vanleg
går forbi meg
Kjem imot meg
Går bort ifrå meg
Og dei skjemmest
når dei går der forbi meg
For dei som kvar einaste dag går forbi meg
dei gir meg nesten aldri pengar
Berre viss dei går forbi meg ein særskild dag
syttandemai
for eksempel
eller ein dag då dei har fått seg noko å drikke
gir dei meg nokre kroner
Slike dagar kan og einkvan komme
til å gi meg ganske mykje pengar
Men til kvardags går dei berre forbi meg
med bøygde hovud
Dei går forbi meg og skjemmest
Dei går forbi meg med bøygde hovud
medan eg står der og syng
og slår dei mest velkjende akkordar
på gitaren min
Dei går forbi meg og skjemmest
Spørjande
Og er det meg dei skjemmest over
Eller skjemmest dei over seg sjølve
Kvifor skjemmest dei slik
I lange rekker
går dei forbi meg kvar einaste dag
og dei høyrer meg synge
Menn
Kvinner
Barn
Gamle
Medan eg står der i undergangen min
og spelar gitar
går dei forbi meg
Og nedmed beina mine står
gitarkassen min open
Og nokre av dei slepper pengar ned
i gitarkassen min
Men dei fleste gjer det ikkje
Eg står der og syng
I timevis kan eg stå der og synge
Ikkje at eg kan så mange songar
Og eigentleg likar eg vel ikkje songar
i det heile tatt
Og eigentleg likar eg vel
heller ikkje musikk
Pause
Ikkje no lenger
Men før likte eg vel musikk
Då var det ikkje noko anna
eg likte så godt som musikk
Ler litt oppgitt
Og no likar eg vel ikkje lenger musikk
noko særleg
Ikkje no
lenger
Entusiastisk
Men eg syng jo kvar einaste dag
og tener meg nokre kroner
på det
Eg syng mine songar
Eg syng mine songar for dei som vil høyre
ler litt
men og for dei som ikkje vil høyre
Og takksam er eg
om nokon vil gi meg
nokre kroner
Nokre myntar frå ei lomme
Om nokon vil gripe ned i ei lomme
og ta nokre myntar
og slenge dei frå seg
ned i gitarkassen min
så er eg takksam for det
Eg syng mine songar for pengar
Det er slik eg er
Kort pause
Visst kunne det ha gått meg annleis
Og at eg skulle ende opp
i nettopp denne byen her
så langt mot nord i verda
det hadde eg vel aldri trudd
Men så gjorde eg jo det
Han ler
Eg kom hit på grunn av ei kvinne
og eg blei her på grunn av ein son
Han ler og ristar på hovudet
Det er nok slik det er
Og det er vel ikkje noko å seie på
For det er jo slik det er
Ein kjem på grunn av ei kvinne
Ein blir på grunn av eit barn
Tenkjer seg om
Og sjølvsagt på grunn av ei redsle
eg ikkje veit kva er
Pause
Men det høyrest liksom så viktig ut

Det høyrest jo nesten vakkert ut
Han ler litt
Og ikkje eit ord er sant
i slik ein lyrikk
Ny pause
Og eg er altså gatemusikant
Gatesongar
dei seier
Dei kallar meg vel oftast
berre for Mannen med gitaren
Alt mor mi kalla meg for det
Kva ho no
må ha meint med det
Kort pause
Men det var altså mor mi som begynte
med å kalle meg
for Mannen med gitaren
For då eg var unge spelte eg vel alltid gitar
Eg spelte før eg gjekk på skolen
Eg spelte etter at eg var kommen
heim frå skolen
Eg spelte og spelte
Men blei eg vel god
til å spele gitar om eg øvde og øvde
Nei så langt derifrå
Han ler, ristar litt oppgitt på hovudet
Eg har aldri vore god til noko som helst
Eg har spelt mykje gitar
Men god til å spele gitar
har eg vel aldri blitt
Eg er ein dårleg gitarist
kort pause
trass i at eg har spelt og spelt
frå eg var ein liten unge
kan ingen påstå at eg er blitt
nokon god gitarist
Eg er ein dårleg gitarist
Ler litt
Og eg er ein endå dårlegare songar
Og ungane ropar til meg
Gitarmann
rumlar med spann
ropar dei
Kom deg heim igjen
dit du kjem ifrå
Gå då
Slikt ropar dei
vel ungane
til meg
Og om vinteren hender det at dei
kastar snøball
mot meg
Dei kastar vel snøball
både mot meg
og mot gitaren min
Og dei ropar vel til meg
Og det hender vel og at dei prøver å stele
frå meg myntane mine
Han slår seg på frakkelomma, og det klirrar i myntar
Eg blei aldri nokon større musikar
Og eigne songar fekk eg aldri til å lage
Eg berre spelar og syng
på dei andres songar
Eg står i ein undergang
og spelar gitar
Og eg syng med den røyst eg har
Han nikkar, ler, tar opp gitarkassen, går så, framleis
langsamt og med voggande rørsler, rundt på golvet

Nei eg blei aldri av dei store
Eg er og blir Gitarmannen
Ein mann med sin gitar
Ein mann som syng nokre songar
Han går og stiller gitarkassen opp mot ein bardisk, han
trekker av seg fingervantane, legg dei på disken, han tar
hendene sine opp til munnen, blæs mot hendene. Han set
seg så ned på ein barkrakk, det står alt eit glas øl på
disken. Han tar ein neve myntar opp frå frakkelomma,
legg dei på disken. Han kjenner etter om det er fleire
myntar i lomma, finn eit par til, legg også dei opp på disken

Nokre kroner blir det jo kvar dag
Er det sol og varmt i veret
blir det godt med pengar
Er det grått og kald
blir det ikkje så mykje
Og i dag
var det frykteleg kaldt
Han blæs seg igjen i hendene, begynner så å telje myntane
Femti kroner
Han tel vidare
Seksti
Han tel vidare
Syttifem kroner
Ikkje så gale
Ikkje så gale på ein dag med slikt eit ver
For i dag var det
verkeleg kaldt
Men likevel har eg jo spelt i fleire timar
trass i kulden
Og i dag var det ein som gav meg tretti kroner
Ja det hender det og
Og han har gått forbi meg
kvar einaste dag
i mange år
utan å gi meg eit øre
Aldri før har han gitt meg eit øre
men i dag stansa han og stod der og stirte
mot meg med runde og blanke auge
Eg har vore med då kjerringa mi blei brend
sa han
Eg nikka
heldt berre fram med synginga
med å slå dei vante akkordar på gitaren min
Eg såg kjerringa mi bli kjørt
inn i omnen
sa han
og han nikka mot meg
Rett inn
sa han og slo ut med armen
han slår ut med armen
og han stirte mot meg
med våte svære blåe auge
som så blei noko gråe
Rett inn i omnen
med henne
sa han
Og ut kjem noko oske
Det er alt
Det er alt som er att av kjerringa mi
og av hennar liv
sa han
og han slo ut med armane
Han slår ut med armane
Det er alt
sa mannen
Og deg har eg høyrt synge
i så mange år
Du får få deg nokre kroner
sa han
og så trekte han opp lommeboka si
og gav meg tretti kroner
Ikkje meir enn det
og heller ikkje mindre
Tretti kroner
verken meir eller mindre
Her
sa han
og sleppte myntane ned i gitarkassen min
Og eg var ferdig med songen
Eg har brent kjerringa mi opp i dag
og etterpå måtte eg ha meg noko å drikke
Det er derfor eg er litt full
sa mannen
og eg nikka
og eg begynte på endå ein song
og eg såg mannen gå bortover i undergangen min
som eg så ofte før hadde sett han gå
bortover i undergangen
Ofte åleine
såg eg han gå der
Og ofte saman med kona si
Han tar seg ein slurk øl
Ja slik er det
Slik er eit liv
Han begynner synge, forsiktig
Kanskje kom han
ein gong
til denne byen
på grunn
av kona si
Og han blei her
på grunn av henne
Og no er kona hans borte
No er ho blitt til oske
Og også eg kom ein gong
til denne byen
på grunn av ei kvinne
Slik er det
Han sluttar synge
Men det er
bryt seg av
Eg er ingen gammal mann
Berre nesten
Han ler kort
Ja ja
Jo eg er vel helst ein gammal mann
Og slett ikkje nokon ungdom
i alle fall
Og ein gong kom eg til denne byen
på grunn av ei kvinne
Ein gong i tida
Men no er det lenge sidan
Han stig ned av krakken, bøyer seg og opnar gitarkassen,
tar ut gitaren. Han set seg opp igjen på krakken, slår
nokre akkordar, syng forsiktig

Eg kom hit på grunn av ei kvinne
Ein gong i tida kom eg vel til denne byen
Ein gong i tida
kom eg
til nettopp denne byen
så langt mot nord i verda
Og vi levde liva våre saman
ho og eg
Så langt mot nord i verda
Og fekk oss ein son av Gud
Vår Gud gav oss ein son
Han sluttar synge, slår framleis nokre akkordar på gitaren,
så slår han over opne strenger, ler litt

Ja ja
Det gjekk no som det gjekk
Og det er vel ikkje så mykje
å snakke om
Nei
dreg det ut
Ikkje noko å henge seg opp i
Pause. Han legg handa si opp på disken, fører haugen med
myntar litt att og fram

Og det blei nokre kroner
i dag og
Endå så kaldt det var
Ikkje så mykje
men litt
Han puslar litt med myntane. Han slår så endå eit par
akkordar på gitaren, slår så igjen over opne strenger

Alt blir som det blir
Og alt har si tid
som han seier
Preikaren
i Bibelen
Han nikkar
Ja slik er det
Pause
Det er
ei tid for alt
Ei tid for å vere saman
Ei tid for å vere åleine
Ei tid for å leve
Ei tid for å gi seg
Kort pause
Og ein gong må ein jo gi seg
Alt kan ikkje berre halde fram
Ein må begynne
Ein må gi seg
Han begynner igjen å fikle med myntane
Og så tjuefem kroner for ølet
Han løftar glaset, drikk, han dreg handa gjennom håret
sitt, ristar litt på hovudet, tel så opp tjuefem kroner,
skubbar dei innover disken, dei andre myntane
skubbar han over kanten på disken, tar imot med andre handa og
så puttar han myntane ned i lomma på frakken sin.
Han drikk litt meir øl

Ganske brukbart med pengar i dag
trass i kulden
Men kaldt var det å spele
I dag var det frykteleg kaldt
Han reiser seg, går litt rundt på golvet, ber gitaren i den
eine handa

Vintrane er kalde
for den som spelar ute
Men eg lever jo av
desse myntane
eg klarer spele saman
Så om det er kaldt
må eg jo spele
Det er knapt nok som det er
Eg må i alle fall spele
Men
Han ser brått opp, som om han kom på noko. Han blir
ståande ei stund og sjå opp, litt forklåra i andletet

Ja
Det er vel slik
Alt må jo
bryt seg av. Han smiler for seg sjølv, tar opp gitaren, slår
nokre akkordar, begynner å synge, muntert

Eg kom hit på grunn av ei kvinne
Frå eit land med anna språk
Eg var her på grunn av ein son
Han sluttar spele gitar, kort pause, held fram med
synginga

Av ein son med anna språk
Og eg høyrer musikken komme
Og eg høyrer musikken gå
Eg bur her på grunn av eit barn eg fekk
Eg bur her og spelar og trur
Eg spelar ute kvar einaste dag
Eg spelar ute min eldste song
Og får nokre kroner for det
Eg bur i eit gammalt uthus
Og trivest for så vidt med det
Eg får nokre kroner for songen
Og er fornøgd med det
Han sluttar synge. Han begynner å gå att og fram på
golvet, med gitaren i den eine handa, han ler kort for seg
sjølv

Ikkje så mykje blei det til
Men det blei no
som det blei
Det kunne ha blitt til så mykje
men det blei no berre
nettopp til
det som det blei
Han går bort til bardisken, drikk meir øl. Han går så rundt
på golvet og ber på gitaren sin, han tar den opp, skal til å
begynne spele, men han ombestemmer seg

Nei eg vil ikkje spele meir
Eg har slått dei same akkordar
så altfor mange gonger
Han ser mot gitaren, ristar på hovudet
Nei
Nei nei
Og kva så
Hermer seg sjølv
Kva så
Kva så
Han begynner synge
Alt får bli som det blir
Det som skjer får skje
Det er ikkje meir å seie
Nei det er ikkje så mykje med meg
Det er berre det ein ser
Litt hår
nokre gamle klede
Eit slite andlet
Hår som snart blir tynt og grått
Ein trøyttleik
er det vel helst ein ser
Eg er vel ein trøyttleik
Eg er vel ikkje
så mykje meir enn det ein ser
Han sluttar synge. Pause. Han snakkar
Og noko særleg eig eg ikkje
Nokre klede
Ein gitar
Eit slags mot
om ikkje av det størte
så har eg vel eit mot
der eg syng mine songar
for dei som vil høyre
kort pause, legg smilande til
men også for dei som ikkje vil høyre
Han begynner synge igjen
Eg er ikkje meir enn ein ser
Og nokre songar kan eg
men ikkje så mange
Dei fleste eg kunne har eg jo gløymt
Eg er ikkje meir enn ein ser
Eg er berre det ein kan sjå
Eg er berre langsame rørsler
Eg er berre vind og regn
Eg er berre djup fortviling og
bryt seg av, sluttar synge
Nei eg er ikkje djup fortviling
Det er berre eit
kort pause
ja eit vakkert ord
Kort pause. Han begynner igjen å synge
Men eg er ein song i det gamle
ein song eg aldri har sunge
Eg er i mi eiga fortviling
og eg syng min song der eg går
Eg syng om den blånande dagen
Eg syng om den trøytte dag
Eg syng om den beste dag
Eg syng om dei største klede
Eg syng om den minste trong
Eg syng om den sorg eg kjenner
Eg syng om den dag som kjem
han sluttar synge, begynner snakke
då eg endeleg skal få bere meg sjølv
bort i ein annans song
Den dag då eg endeleg pustar
i den tunge som snakkar mitt liv
Den song vi alle skal høyre
Eg og dei andre og du
Han går og set seg ned i ein krok, med gitaren i fanget,
han blir sitjande slik ei stund. Han reiser seg opp, går så
litt rundt, går bort til bardisken, set frå seg gitaren, lent
mot bardisken, han tar av seg frakken, det skranglar i
myntar, han henger frakken over bardisken, går så litt
rundt på golvet

Det er vel slik det er
Kort pause, han nikkar for seg sjølv
Men alt har vel si tid
som det står i Bibelen
hos Preikaren
i Bibelen
Alt har si tid
Eit menneske
Og ein musikk
Han går og tar opp gitaren, slår over opne strenger, så
begynner han å skru laus ein streng, klimprar samtidig på
strengen, han skrur strengen heilt laus, klimprar på den og
strengen slår mot gitarkassen

Nei eg kan vel ikkje bli verande
Eg kan vel ikkje bli ståande
der i undergangen min
og synge dei gamle songane
År ut og år inn
Eg kom hit
Tenkjer etter
Ja
det er lenge sidan no
Eg kom hit frå eit anna land
Og eg blei verande
Eg budde saman
med ei kvinne
men så
han ler
ville ho ikkje ha meir å gjere med meg
Han ler igjen, ristar på hovudet
Og då hadde vi fått oss ein son
Og då hadde vi fått oss
eit lite hus
i skogkanten
ved fjorden
Men så ville ho ikkje ha
meir å gjere med meg
Han ristar på hovudet, ler
Ikkje meir å gjere med meg
Han begynner å synge, prøver å spele gitar til, med ein
streng laus

Ho ville ikkje ha meir å gjere med meg
Ho sa at eg sat berre der
med min gitar
og aldri blei det vel til
noko med meg
Eg kom vel berre til å sitje der
med min gitar
Aldri kom eg til å tene pengar
nok til at eg kunne
bidra med mitt
Han sluttar synge og spele. Pause. Han snakkar
Sjølv var ho lærar
Forklarande
Ho hadde tenkt å lage bilete
men så fekk ho ikkje selt
eit einaste bilete
derfor begynte ho som lærar
Ho tente ikkje så mykje
Men til å leve av
Han begynner å synge igjen, litt skjerande
Men til å leve av
Til å leve av
Til å leve av
Ho gjekk på arbeid kvar einaste dag
Ho kom heim frå arbeid
kvar einaste dag
Eg var der heime
med sonen vår
Eg sat vel der med min gitar
Ho gjekk
Ho kom
Ho gjekk
Ho kom
Ho gjekk på arbeid
kvar einaste dag
og kom så heim
til meg og min gitar
og til sonen vår
Snakkar igjen, forklarande
Og ho slutta å lage bileta sine
Ikkje at det gjorde så mykje
Han ler
Nei slikt skal ein vel ikkje seie
Men noko særleg gode var dei jo ikkje
bileta ho laga
Ho laga bilete
ja jammen gjorde ho det
Og utdanning hadde ho jo nok av
slik dei har i dette landet her
så langt mot nord
i verda
Men var bileta gode
Han ristar på hovudet
Dei var greie
bileta
Ikkje meir enn det
Dei var rett og slett greie
men noko kunst å snakke om
var det neimen ikkje
Kort pause
Og det var det for så vidt
heller ingen som påstod
Han ler kort. Pause. Han ser ned, han skrur så strengen
endå lausare, skrur den så heilt laus frå stemmeskruen og
den blir hengande og slenge

Ho var
rettar seg
ho er
ein mislykka kunstnar
Det er no så
Men dei trengst vel
dei og
Spørjande
Skal nokon lykkast
må vel også nokon mislykkast
Det er vel slik
Kanskje
Kanskje er det slik
Han begynner å synge, prøver spele gitar til, med den eine
strengen hengande og slenge

Det er vel slik
at viss nokon skal lykkast
må andre prøve
men ikkje klare det
Ho var ein mislykka kunstnar
Ein dag bad ho meg gå
Eg syng mine songar for pengar
Og eg er ein einsam mann
Eg er ein ganske einsam mann
med sin gitar
Han sluttar synge og spele
Men ein gong skal ein gi seg
Og eg kan vel
gjerne gi meg
Eg kan vel gjerne gi meg
Eg treng vel ikkje bli her
Han ser mot gitaren, ler
Eg vil heller
bryt seg av
Ja kva vil eg vel
heller
Nei sei det
Eg vil vel heller
Han slår endå ein streng på gitaren, begynner så å skru
også den strengen laus. Liksom fortruleg

Og eg trur at son min
er begynt å bli flau
over å ha meg som far
Tenk å ha ein far som berre står der
i undergangen sin
og spelar
på sin gitar
Han skrur strengen heilt ned, klimprar litt på den lause
strengen

Nei eg må vel berre gi meg
Han skrur strengen endå lengre ned, løyser også den frå
stemmeskruen, slik at også den blir hengande og slenge

Eg skal gi meg
Eg har vel gjort mitt
til inga nytte
og no skal eg vel gi meg
Han blir ståande og sjå mot gitaren, begynner å synge,
prøver å spele gitar, med fire strenger, til

Eg skal vel berre gi meg
Eg skulle vel aldri ha reist
til dette landet
langt der nord i verda
Men så gjorde eg jo det
Og så fekk eg son min
Og så blei eg verande
Og no skjemmest son min
så mykje over meg
Han sluttar synge og spele. Han ristar på hovudet, ler,
snakkar

Eg er ein mislykka mann
Ja nettopp det
Han set frå seg gitaren. Går litt ut på golvet, ser mot
gitaren. Han blir ståande og sjå mot gitaren. Han går bort
igjen til gitaren, han tar den opp, han slår over dei opne
strengene og så skrur han endå ein streng laus, slår over
strengene igjen, han skrur så strengen heilt ned, løyser
også den frå stemmeskruen. Han dreg i neste streng, dreg
og dreg og strengen ryk. Han begynner å le. Han set
gitaren frå seg mot bardisken, set seg ned på krakken, tar
ølglaset, drikk litt. Han støttar hovudet i hendene. Han blir
sitjande med hovudet i hendene. Han ser opp. Trøystande

Det skal nok bli ei råd
Eg treng jo ikkje bli verande
i denne byen her
så langt mot nord i verda
Pause
Og Gud
han vil nok
hjelpe meg
Han ler kort, går så brått ut på golvet, begynner å gå att og
fram på golvet. Begynner å synge

No set eg all min vesle lit
til Gud i himmelrik
Viss ikkje Gud vil sjå til meg
då kan eg
bryt seg av, kort pause, held så fram med synginga
Eg veit i himmelrik
ei borg
så gjæv som soli lyser
Der er kje fattig eller rik
Han sluttar synge, skrattar til
Fint
Ja slett ikkje verst
Ganske fint
Eller
Eg har eit godt forhold til Min Herre
Nei ikkje det men
Eg har vel det
Eg trur vel at eg har eit ganske godt forhold
til Vår Herre
Eg veit ikkje
Pause. Betruande
Eg ber mykje til Vår Herre
Og eg trur at eg er i hans nåde
Pause
Når eg står der og syng
så trur eg vel og at det har noko
med Vår Herre å gjere
Ler
Det er slik
det
Eg trur at eg har eit ganske
godt forhold til Vår Herre
Han går bort til bardisken, tar ølglaset, drikk litt. Han tar
ein tobakkspakke opp frå baklomma, rullar seg ein røyk,
kveikjer røyken

Ja så skal eg vel reise vidare
Det blir vel til det
Han set seg ned på krakken, sit der og røykjer
Det blir vel til det
Han ser mot gitaren
No har eg prøvd lenge nok
Han kubbar røyken, reiser seg, går ut på golvet. Han blir
ståande og sjå ned mot skorne sine

Ja ja
Det er så det
Nok er nok
som det heiter
Han sukkar. Pause. Han begynner så å gå rundt på golvet,
han begynner å synge

Eg har reist rundt i verdas land
og søkt ein stad å vere
Eg har reist rundt i andres spor
til mange land på jord
Eg har søkt menneske og fred
i mange land og byar
Eg har søkt vennskap
ly og ro
i mange land og verder
No er eg trøytt og lengtar mot
ein ukjend stad å vere
Der eg kan få
litt hjartero
og eit liv å bere
Eg går min fot
Eg syng min song
Eg opnar opp
mitt vindauge
Eg ser mi sorg
Eg ser di sorg
Eg ser at vi skal gå av stad
til ein ukjend by
Eg ser at vi skal reise bort
til ein evig by
Han sluttar synge, står og ser beskjemma rundt seg.
Pause. Han begynner så å synge igjen

Eg er ein mislykka freistnad
på eit betre liv ein gong
Eg er eit mislykka påfunn
fylt av min sære song
Eg var ein mann med sin gitar
som fraus og song
i si langsame
natt
Eg er ein mann og
alt eg har att
er ikkje verdt å minnast
Eg gjekk og låg
Eg stod og såg
Og snart så skal eg reise
Eg reiser no
til ein annan stad
der ein ikkje meir treng pengar
Eg ber min Gud
og veit han vil
gi meg si evige kvile
Han ler, ristar på hovudet. Syng vidare
Eg ber deg Gud
kom ta mi hand
og ta meg til di grense
Eg ber deg
Gud
la meg få bli
i din store nåde
La meg få bli
så tung og fri
i di store rørsle
La meg få bli
slik eg eingong var
eit inkje fullt av noko
La meg få bli
til ingenting
og la den song få lyde
La meg få bli
eit ukjent teikn
dei andre måtte tyde
La meg få bli
ein stjernesong
som englane kan synge
La meg få kvile denne gong
og la meg treffe att
min venn
den hunden som eg mista
og la meg stå og sjå meg kring
og ikkje sjå ein ting
Han sluttar synge, ristar oppgitt på hovudet.
Ironisk

Ikkje noko sjå
i det blå
Kom og gå
Han går bort og drikk litt øl, løftar opp gitaren, han skrur
dei siste to strengane lause, løyser dei frå stemmeskruene,
også dei blir hengande og slenge, han tar og legg gitaren
opp på bardisken, han tar frakken sin, trekker den på seg,
han tar på seg fingervantane sine, han løftar opp
gitarkassen, går litt rundt omkring. Han stiller seg opp,
støtta til gitarkassen

Slik er det
Han begynner synge
Eg har ikkje noko å miste
Eg har ikkje noko å vinne
Eg har ikkje noko att
av det som gav meg framtid
Men eg er jo mi eiga natt
Og eg er vel helst eit språk
ingen andre skjønar
Han sluttar synge, ristar på hovudet
Tenk å seie noko slikt
Eit språk ingen andre skjønar
Oppgitt over seg sjølv
Og kvifor skal vel dei andre
måtte skjøne
det språk
eg kanskje måtte vere
Han sukkar
Nei
Nei det er vel det same
Det spelar vel
bryt seg av
Men pengar
Eg har jo tent pengar i dag
Han tar handa si ned i frakkelomma, klirrar med myntane
Men ikkje så mykje pengar
til vaksen kar å vere
Berre nokre kroner har eg tent
Nokre myntar
Han tar ein neve med myntar ut frå frakkelomma. Han
slepper eit par av dei ned på golvet

Nokre myntar
knapt nok til eit par glas øl
Berre nok til litt mat
Han slepper endå eit par myntar ned på golvet
Nei dette går vel ikkje
Han set seg ned igjen på kne, plukkar opp igjen myntane,
legg dei attende i frakkelomma. Han ser opp

Det måtte jo ende slik
Noko anna ville jo ikkje vore rimeleg
Han smiler for seg sjølv
Men det er nok slike som meg
som skal arve Guds rike
Han ler, ristar på hovudet
Det vil eg tru
Det er nok ikkje dei gjæve
Det er nok slike som meg
Eller kanskje
Kanskje ikkje
Han ler igjen og ristar på hovudet, han reiser seg opp,
begynner å gå rundt på golvet. Han begynner å synge

Og eg går stadig vekk
gjennom byar og gater
Eg ser menneske komme og gå
Dei går stadig vekk
gjennom undergangen min
Dei kjem og går
Dei ser mot meg
Dei går jo alltid vidare
Dei går sin veg
Dei kjem og går
Dei går jo alltid vidare
Dei
bryt seg av, sluttar synge
Dei
Han ser seg rundt, går og set seg ned i hjørnet, med
gitarkassen mellom beina. Pause. Han ser mot gitarkassen

Kva skal eg vel med denne
Eg har jo ikkje lenger nokon gitar
Då treng eg vel heller ikkje
lenger å ha nokon gitarkasse
Pause
Men gitarkassen er jo fin
Gammal og fin
Eg skulle kanskje
Han reiser seg opp, legg gitarkassen inntil veggen
Nei eg treng den ikkje
Han går litt rundt på golvet
Nei kva skal eg vel med ein gitarkasse
når eg ikkje har gitar
Han ler
Alt har si tid
Også ein gitarkasse
Ja ja
Han går, framleis langsamt og voggande, over golvet, han
ser at ein mynt ligg igjen på golvet, han set seg ned på
kne, plukkar opp mynten, puttar den i frakkelomma. Han
reiser seg opp, ser at det er litt øl igjen i glaset, han går så
og drikk glaset tomt. Han stiller seg opp, dreg
tobakkspakken opp or baklomma, rullar seg ein røyk,
kveikjer den, går så sakte ut. Teppe



© Bergen Off. Bibliotek
Sist oppdatert 16. mars 2000 av Elin Huseby og Henrik Kiiehn Nielsen