| Kjartan Fløgstad, fødd i 1944 i industristaden Sauda, er ein av dei mest særmerkte norske forfattarane i vår tid. Han debuterte som lyrikar, men fekk sitt store gjennombrot med romanen Dalen Portland (1977), som han fekk Nordisk Råds litteraturpris for. Fløgstads forfattarskap er påverka av den latinamerikanske magiske realismen, han sameinar poesi og sosial satire, folkeleg forteljekunst og store kunnskapar. Fløgstad har også eit omfattande sakprosaforfattarskap og er ein av våre fremste essayistar. Bøkene hans er omsette til mange språk. |