|
Tekstutdrag frå Kron og mynt
|
|
Ein dag nokre veker seinare kjem Johann Michelsen Neocorus på visitas. Indian summer varer framleis. Det er på
kveldstid, men framleis heller lyst ute. Neocorus kjem med
dei sit og et, men Lydia bed han ikkje til bords. Javel, seier Eliseus Seland og tygg vidare. Kva går det med ? Ruslar og går. Då signar Johann Michelsen Neocorus maten og set seg til nede ved døra og ventar. Ein etter ein trekkjer først Pål, så brørne hans ut av stova. Neocorus helsar. Dei nikkar. Lydia tar av bordet. Ho ståkar ute på kjøkkenet. Eliseus Seland sit ved bordenden. Berre Mons ligg att på bordet. Han mél. Mons er ein brandete hannkatt, med tjukk pels og farge som ei løve. Du får tukka deg bortåt, seier Eliseus til Johann Michelsen Neocorus. Nå blir det akter, tenker Lydia, som står i naborommet og høyrer kva han seier. Og denne gongen har ho rett. Det blir akter. Vinden leikar med kniplingsgardinet. Vindauga riksar i haspa. Ved bordenden stryk Eliseus Mons over pelsen, igjen og igjen, meir og meir elektrisk. Med den andre handa under det gode øyret lyttar han på kva Johann Michelsen Neocorus har å seia. Og Johann Michelsen Neocorus snakkar, som best han har lært på det teologiske fakultetet, og som best han kan, ut frå det han har lært i livets skule. Og det blir ikkje dårleg. Han beklagar seg og seier seg lei. Han har med Gud i himmelen på si side, pluss bispen i Kristiansand, pluss ei bøn om tilgivelse, som han seier. Eliseus Seland svarar ikkje. Han stryk og stryk den elekriske kattepelsen. Mons, fullada, slikkar skåla, skyt rygg, stikk halen i veret. Og Johann Michelsen Neocorus snakkar. Snakkar og snakkar. Om bot og anger. Om steinar på hjarta, om bjelkar og splintar og rusk i auga. Om klint og om kveite, om bukkar og havresekkar. Og om Guds vilje. Eliseus har stroke Mons så mange gonger at pelsen er like sjølvlysande som eit kattauga. Mons strekkjer seg, durar og mél. Halen skyt i veret. Det skumrar. Dei må tenna i lampen. Det er lummert. Indian summer, seier Johann Michelsen Neocorus. Eliseus svarar ikkje, brummar berre, som eit torevér lågt i horisonten. Guds vilje. Og miskunn. Idet Johann Michelsen Neocorus seier desse orda, løftar Eliseus Seland handa som stryk katten over pelsen. Med den andre handa, den han har hatt under augo, knipsar Eliseus køddane til katten. Han knipsar katten i køddane. Katten er elektrisk. Det lyner av han. Eliseus knipsar køddane til katten slik at Mons set i eit skrik, eit barneskrik liknar det på, skyt fart fram over bordet, treffer først parafinlampen som set fyr i den elektriske pelsen, støyter mot andletet til Johann Michelsen Neocorus før han får sukk for seg, og fér derifrå som eit flammande hjul ut i den varme haustkvelden, medan skriket fordoblar seg og folk på nabogardane og utover i grenda trur det er sola som har komme heilt ut av lage, og går opp for andre gong på same dag. Hvis det då ikkje er ein komet, med kattehalen som lysande komethale. Men det er det ikkje. Det er den brennande katten til Eliseus Seland, Og den går ned, stygt forbrent. Eliseus Seland såg etter korleis det gjekk med Mons. Det gjekk ikkje så bra. Så hjelpte han den brannskadde Johann Michelsen Neocorus på beina, viste han døra og viste han vegen heimover. Der fann dei han, i villreide ute på vegen, utpå formiddagen neste dag. I mange år måtte Johann Michelsen Neocorus preika for kyrkjelyden med ryggen til, og går ennå rundt med høg kvit krage og er sterkt brennmerkt i andletet. Ja, slike dritsekker får det dei fortener, sa Eliseus Seland filosofisk. Men sidan lyste det av presten Neocorus. Det er beskrive. Det sto eit lys om han. Det hadde ikkje Eliseus tenkt på. Han loga. Orda hans sto i brann. Han talte i eldtunger. Han var ein geistleg komet. Hans bane var stigande. I alle tesestridar var han ein katt med ni liv. Når du steikjer katten, så tenk at det er svin. På Seland forstår dei etter kvart som dagane går at det ikkje er sola som har komme ut av lage. Det er ein komet som har lysande hale, han har vore nær jorda på småbruket Sækjå, og som nå er på veg utover i solsystemet igjen, mot ein posisjon i nærleiken av stjernebiletet Kassiopeia. |
|||
|