|
Tekstutdrag frå Stå med glans (Dikt fra Dalen Portland)
|
|
STÅ MED GLANS Den raude dagen fell mot vest Og vinden held sin pust Og kvelden kler seg opp til fest I stilig mørk august Då byd eg opp på Folkets Hus I Store Sal, til vals Og svingar jenta som ein bus Med arm om hennar hals Der kviskrar eg til jenta mi Du ser jag kjører kran Men denne helga har jag fri Og festar som ein fan Du ser dei gir oss lusalønn Og kallar oss for ramp Men aldri faen, ikkje bønn Gir vi oss utan kamp Slik dansar vi på Folkets Hus Glir tett som not og fjær I lukt av dobbeltrensa rus Og du er varm og nær Og smidig kropp i blomstra tøy Som pressar mot mitt bryst Og ropar Det var himla skøy ! Og ler av hjartans lyst Men det er ingen skulegut Som tar deg fast i hand Og fører deg på golvet ut Det er ein arbeidsmann Som dansar mot ein stor bedrift Mens Ewald drar sin belg Og rundt oss dansar Westin skift og Lien neste helg Musikken spelar opp ein flat Du ropar Takk for den ! Eg rotar rundt i surr og prat Men lufta om meg brenn Då kjem du over ope golv Eg rettar slipps og dress Når alle klokkar dundar tolv Gir du meg Damenes ! Men natta lid og strekkjer ut Sin morgonkvite kropp Med elv og fjord og skog og nut Der dagen flammar opp Der sola stig og står og står Og strålar med sin glans Då kjem du sakte før vi går Saman heim frå dans |
|||
|